Måndag 9. desember underteikna ordførar og prodekan for regional utvikling ved HVL samarbeidsavtale for framtidas heiltids barnehagelærarar utdanning.
Sogndal kommune og kommunane i indre Sogn har inngått ein intensjonsavtale med heiltids barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Målet er å få fleire studentar til å velje barnehagelæraryrket og sørge for god kvalitet i barnehagane våre i framtida. Avtalen er eit viktig steg for å løyse utfordringane knytte til rekruttering av barnehagelærarar, og for å sikre kvaliteten i barnehagane våre.
Vi tek ansvar for å sikre kvalitet i barnehagane våre, og ansvar for å utdanne dei barnehagelærarane som skal gje barna våre ein god start på livet.
Samarbeid er nøkkelen når vi skal møte utfordringane i lag.
I dag ser vi at færre vel å utdanne seg til barnehagelæraryrket, samtidig som behovet for kvalifiserte barnehagelærarar aukar. For å kunne gje barna eit godt barnehagetilbod, må yrket bli meir attraktivt. Denne avtalen legg til rette for å rekruttere fleire studentar, og gje dei moglegheit til å kombinere studiar med arbeid i barnehagane våre.
Kva inneber avtalen?
- Felles innsats for rekruttering: Sogndal kommune og HVL skal jobbe saman for å få fleire studentar til å starte på heiltids barnehagelærarutdanning i Sogndal. Dette kan innebere kampanjar, informasjonsmøte og andre tiltak som gjer utdanninga meir kjent og attraktiv.
- Kombinere studiar og arbeid: Studentar som tek heiltids barnehagelærarutdanning, får tilbod om å jobbe i ein 20 % deltidsstilling i ein barnehage i Sogndal kommune. Slik kan dei få nyttig arbeidserfaring samtidig som dei studerer.
Satsinga skal sikre at barna i Sogndal har trygge og kompetente vaksne rundt seg. Samtidig ønskjer kommunen at studentar ser på Sogndal som ein attraktiv stad å arbeide etter fullført utdanning.
For meir informasjon, kontakt oppvekst i Sogndal kommune eller Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved HVL.