KS Folkevaldprogram er eit tilbod til alle kommunar og fylkeskommunar. Føremålet med programmet er å bidra til eit lokaldemokrati med høg tillit. Programmet skal gje dei folkevalde motivasjon og tryggheit i rolla.

22. mai var medlemmane i kommunestyre og representantar frå administrasjonen, tillitsvalde og verneombod samla på kulturhuset. Samlinga vart leia av Kirsti Welander og Dag-Henrik Sandbakken.

På programmet stod mellom anna godt lokaldemokrati, rolla som folkevald, habilitet, samspel med administrasjonen og arbeidsgjevarrolla.

Les meir om den første delen av folkevaldopplæringa