Gjer du observasjonar som gjev grunn til uro, til dømes at det ikkje lenger kjem vatn i eit bekkefar, ber me om at du melder frå til teknisk vakttelefon Balestrand (vakthavande utrykkingsleiar brannvesenet): 911 07 133.
- Laurdag var det mykje nedbør og mange ras, og kommunen følgde situasjonen nøye. I dag, søndag, har det også vore meldt betydeleg nedbør og temperaturstiging. Og etter rådføring med NVE og andre myndigheiter, valde me søndag å senda ut eit varsel om at det kan bli evakuering i Balestrand. Me ser det som betre å førebu folk på ei eventuell evakuering enn å ikkje gjera det, sjølv om det kan føra til uro.
Ras er krevjande å forutsjå, og me følgjer nøye med på situasjonen, særleg i elvar og bekkefar gjennom Balestrand. Den største utfordringa, slik det ser ut no, er at det kan proppa seg i bekkeløp, og bli oppsamling av vatn, is og stein som brått kan losna. Kommunen er i nær kontakt med politi og fagekspertise i NVE for å vurdera situasjonen. Vurderingar frå NVE er at det er venta at vêrsituasjonen vil stabilisera seg i løpet av kvelden.
Farevarsla gjeld til klokka 7 i morgon tidleg. Me rår folk til å ikkje bevega seg i nærheiten av elvar og bekkefar, men det er ikkje umiddelbar fare for evakuering.
Kommunen vil fortsetta å overvaka situasjonen og vurdere behovet for evakuering, og nokre personar kan måtte flytta på seg. Vurderingane blir gjort i nært samarbeid med mellom anna politi, NVE og meteorologisk institutt. Det viktige for kommunen er å ta i vare liv og helse, seier ordførar Stig Ove Ølmheim.
NVE og Statsforvaltaren oppmodar på det sterkaste om at folk ventar med å gjera oppryddingsarbeid før skred- og flaumfaren er vorten lågare.