Det er meldt dårleg vêr måndag, med raudt farevarsel for snøskred. Fleire vegar er stengd både av ras og preventivt, og skredfaren aukar utover måndagen.

Kommunen vil difor tilby digital heimeundervisning for elevane på Fjordtun oppvekstsenter og Sagatun skule – for dei som ynskjer å halda barna sine heime.

Elevar på Kvåle skule busette i Fjærland, får opplæringa si ved Fjærland oppvekstsenter måndag.

Dei føresette får melding om dette direkte frå skulen.

Ordførar Stig Ove Ølmheim fortel at kommunen følgjer situasjonen tett.

- Me overvåkar vêrsituasjonen, og blir det endring i forholda som krev det, vil me gjera nye vurderingar, seier han og oppmodar folk om å følgja med på farevarsla, og også vurdera og ta ansvar for eiga sikkerheit.

Ordføraren oppmodar også innbyggarane i kommunen om å rydda vekk snø på eigendomen sin, slik at vassvegar er opne.

Sjå oppdaterte varsel på varsom.no og Statens vegvesen si informasjonside for vegmeldingar 175.no