- I ei tid der demokrati og naboskap vert utfordra, mellom anna som følgje av krigen i Ukraina, er samarbeid på tvers av landegrensene viktig, seier ordførar Arnstein Menes.
Ostrowiec er og har vore ein industriby. Ein av deira største utfordringar no er at unge flyttar vekk for å ta utdanning og at innbyggjarane vert stadig eldre. (Foto: Sławomir Rakowski) |
Stort program
Ostrowiec deltek i eit større utviklingsprogram, The Polish Local Development Programme. Programmet har mellom anna som mål å auka satsinga på entreprenørskap, effektivisering av offentleg administrasjon og å heva levestandarden.
Partnarar i programmet er mellom andre norske KS og deira polske søsterorganisasjon Association of Polish cities, og OECD. Programmet er stort og Sogndal kommune deltek i eit av delprosjekta. For Sogndal sin del er deltakinga fullfinansiert. Totalt ligg det 100 millionar euro i potten for programmet, i delprosjektet Sogndal er med i er det om lag 150 000 euro. Programmet er finansiert gjennom EEA Grants og Norway Grants (EØS-midlar).
Etter ein lang prosess med 255 polske byar og kommunar stod dei til slutt at med 29. Av desse er 16 så langt matcha med ein norsk eller islandsk partnarkommune.
Klima, entreprenørskap og deltaking
Vinteren og våren 2022 har me gjennomført fleire digitale møte med Ostrowiec med ulike aktørar frå Ostrowiec og Sogndal. Her har me fått presentert ulike satsingsområde me som kommune har, og kva me tenkjer at me kan bidra. Representantar frå Ostrowiec har gjort det same.
Gjennom desse samtalane har me funne tre område me skal jobba vidare med: klima og miljø, entreprenørskap og læring, samt involvering og deltaking.
Ostrowiec ligg søraust i Polen og har om lag 70 000 innbyggjarar. |
Første signering
Tysdag 31. mai opna endeleg konferansen som markerer starten på samarbeida som skal vara i to år, i Warszawa. Alle byar og kommunar som deltek i prosjektet hadde fått invitasjon, og nær alle deltok. Frå Sogndal deltok ordførar Arnstein Menes, prosjektkoordinator Aina Thomassen, samt Torgeir Skålid og Karoline Søvik Myklebust frå Sogn næring.
- Entreprenørskap og næringsutvikling er ein viktig del av prosjektet, og me trur at Sogn næring og måten me som kommune har rigga dette, kan vera til inspirasjon for å gjera noko liknande i Ostrowiec, seier Menes.
Med ein tidleg start på dagen grunna kansellering av fly kom delegasjonen frå Sogndal fram i god tid til møtestart. Dagen starta med eit hyggjeleg og uformelt møte saman med delegasjonen frå Ostrowiec med blant andre ordførar Jarosław Górczyński. Med hjelp frå ein tolk fekk me høve til å verta meir kjende med kvarandre og oppdaga raskt at me har mykje til felles. På dag to fekk me også helsa på varaordføraren Dominik Smoliński.
- Me ser at me har fleire ting me jobbar med kvar for oss, og ser stort potensiale i å læra meir frå kvarandre, seier Arnstein.
Signeringa av sjølve avtalen vart skriven under i ein høgtideleg seremoni, og seinare på dagen skulle det syna seg at Sogndal og Ostrowiec faktisk var først ut med å gjera samarbeidet offisielt med signering frå begge partar.
Vegen vidare
Prosjektet skal vara i to år og det er planlagt fleire prosjektaktivitetar og besøk begge vegar til Sogndal og Ostrowiec, i tillegg vil me gjennomføra ein del av prosjektet digitalt. Neste gong me skal treffast fysisk er i Ostrowiec i slutten av august, dette vil bli planlagt meir i detalj før sommarferien. Følg med på heimesida til kommunen for oppdateringar på prosjektet.