- I Sigyn får me ein kulturarbeidar og ein kulturleiar med stor K! seier kultursjef Håvard Ese Eliassen, som gler seg over å kunne ønskja den nye kulturhusleiaren i kommunen velkommen.

Lang erfaring

Øren er for tida tilsett som kulturskulerektor i Årdal, ein jobb ho har hatt dei siste 14 åra.

- Som kulturskulerektor har ho sett i gang mange store produksjonar med utstrekt samarbeid på tvers av det profesjonelle og det frivillige kulturlivet. Ho har også lenge jobba med booking og produksjon ved kulturhuset i Årdal. Denne erfaringa kjem godt med når ho no skal i gang med å vidareutvikla dei gode kulturtilboda ved Sogndal kulturhus, og etterkvart ved fleire kulturscener i kommunen, seier han.

Kultursjefen meiner også at det er ein fordel i jobben at Øren sjølv er musikar.

- Ho er ein leiar som både det profesjonelle og det frivillige kulturlivet vil snakka godt saman med. Ho er i tillegg nyleg etterutdanna innafor prosessleiing, ein kvalifikasjon som kjem godt med når ein skal arbeida med utvikling, seier Eliassen.

Brenn for kultur

Sigyn Øren fortel at då ho såg utlysinga, tenkte ho at dette var ein sjanse ho ikkje kunne la gå frå seg.

- Det som motiverer meg mest til å søka på denne stillinga, er at eg brenn for kultur og eit levande og engasjerande lokalt kultursenter, som kulturhuset i Sogndal er. Eg likar tanken på å gjera kulturhuset i Sogndal til eit levande og yrande kultursamfunn.

Øren set stor pris på dei utviklande og innhaldsrike åra ho har hatt som kulturarbeidar i Årdal kommune.

- I Årdal har me verkeleg fått vist kva ein kan få til i eit lokalsamfunn med mange dyktige kulturutøvarar og ein enorm stå-på vilje. Erfaringa eg har herfrå veit eg vil koma godt med i den nye jobben.

Øren er i gang som kulturhusleiar i Sogndal kommune 2. september. Ho tek over etter Stig Blindheim-Hansen som er tilsett som leiar for kulturhuset på Voss.