16.02.2021: 2 nye personar i Balestrand har testa positivt på korona. Det vil seia at totalt 5 personar har fått positive svar på koronatest tysdag. Alle har vore i karantene som nærkontaktar.

(16.02.2021) 3 nye personar i Balestrand har testa positivt på korona. Dei tre har vore i karantene over ei veke som nærkontaktar. Smittevegen er kjend, og det er ingen ny smitte ute i samfunnet. Det blir ikkje innført nye lokale tiltak som følgje av desse smittetilfella.

(15.02.2021) Ingen nye smitta i kommunen sidan 9/2. Alle testane har vore negative frå 10/2. Denne artikkelen vil berre bli oppdatert dersom det skulle bli påvist fleire smittetilfelle i samband med utbrotet i Balestrand.

(12.02.2021) Smittesituasjonen i kommunen er no slik at det frå neste veke er vurdert å ikkje vera naudsynt med lokale smitteverntiltak utover dei nasjonale.

Frå denne datoen er anbefalingane og reglane for Sogndal kommunen dei same som dei nasjonale. Dei nasjonale reglane og anbefalingane finn her på regjeringen.no eller helsenorge.no.

(12.02.2021) Dei 4 prøvane som vart tekne i Balestrand 10.2. var alle negative. Det har ikkje vorte registrert nye smitta i kommunen sidan 9.2. Det er no teke over 5000 koronatestar i Sogndal kommune frå mars 2020.

(09.02.2021) Fem nye personar i Balestrand har testa positivt på korona medan dei har vore i karantene.

Alle dei fem testa negativt den dagen dei gjekk i karantene i forrige veke og har blitt positive medan dei har vore i karantene.

- Det viser kor viktig det er å setja nærkontaktar i karantene, sjølv om desse testar negativt. At dei som no er vorte sjuke har sete i karantene, syner at det har vorte gjort eit godt smittesporingsarbeid, men også at den første som vart smitta gjorde det som var rett med å testa seg, slik at me kunne finna dei andre så raskt som mogleg, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Etter dei fem positive testsvara som kom tysdag, er det no 14 isolerte og 19 personar i karantene i Balestrand.

Husabø understrekar at forutan det første tilfellet, har alle dei smitta i utbrotet i Balestrand kjend smitteveg.

- Utbrotet er avgrensa, og ingen er alvorleg sjuke, opplyser han.

Kommunen er i tett dialog med Folkehelseinstituttet, og vurderinga er at det ikkje er naudsynt å setja i verk ytterlegare tiltak i kommunale institusjonar slik situasjonen er no.

(08.02.2021) Ubrotet av koronasmitte i Balestrand skuldast ikkje mutert virus.

Måndag kom svaret på nokre av prøvane som var sende til Haukeland universitetssjukehus. Prøvane viser at koronasmitten i Balestrand siste veka ikkje skuldast ein av dei meir smittsame variantane av viruset.

Bergen og kommunane rundt opplever utbrot av den engelske varianten og den sørafrikanske varianten av viruset. Det er frå 7. februar til 14. februar innført forsterka tiltak i denne regionen, for å hindra spreiing av smitte.

(06.02.2021) Ein person i Balestrand har laurdag testa positivt på korona. Det betyr at totalt 9 personar i Balestrand har fått påvist koronasmitte denne veka. Personen som testa positivt laurdag, er nærkontakt av tidlegare smitta og har vore i karantene.

(05.02.2021) Fredag fekk fire personar i Balestrand svar på at dei hadde testa positivt på krona. Dei er nærkontaktar til dei som alt var påvist smitta.

(05.02.2021) Tiltak innførte frå fredag for å hindra spreiing av koronasmitte Balestrand:

  • Set i verk ekstra tiltak på Sagatun skule og Sagatun barnehage, men held fram på gult nivå og legg vekt på å ta vare på born og unge. Det er ikkje påvist smitte i skule og barnehage.
  • Skjerpa besøkskontroll på omsorgssentera i heile kommunen.
  • Idrettslaget i Balestrand stenger idrettshallen mellombels for aktivitet i regi av idrettslaget, kommunen har stengt Belehalli for fritidsaktivitet.
  • Stengt for fysisk oppmøte på innbyggartorga til kommunen. Du kan nå innbyggartorga på tlf. 57 65 25 00.
  • Sogndal kommune oppmodar alle som kan - i heile kommunen - om å ha heimekontor. Utset møte som kan utsetjast, eller hald dei digitalt. Me vil minna om å halda avstand for dei som må vera på arbeidsplassane.
  • Alle politiske møte neste veke vert haldne digitalt.
  • Sogndal kommune oppmodar folk om å halda smittevernreglane. Ikkje reis på unødvendige reiser, ikkje gå på unødvendige besøk.

(3.2.2021) Det vart onsdag påvist 4 nye smitta av Covid-19 i Sogndal kommune. Dei fire er heimehøyrande i Balestrand, og det er no eit utbrot av koronasmitte i denne delen av kommunen.