Då klokka ringde inn, vart elevane møtte av «befalet», major Rauboti, kaptein Øygard og fenrik Juklestad. Elevane vart delt inn i lag med nummerskilt på vesten og kapsen. Nummera vart namna deira resten av dagen. Så var det oppstilling med stort alvor. Vi var heldige og hadde fått med oss ein soldat frå aktiv teneste. Han lærte elevane mellom anna slutta orden. Det sette ein ekstra spiss på gjennomføringa å ha med ein soldat i full uniform. Det heile vart med ein gong meir reelt. Etter avslutta innføring frå soldaten kom oberst Ask køyrande. Han heldt ei motivasjonstale, for å inspirere og motivere rekruttane til opptaksprøva. Dagen kom til å by på mange utfordringar, men han var sikker på at dei som gav alt, ville bli «den beste versjonen av seg sjølv». 

Første oppgåve var å flytte vatn frå ei stor bøtte til ein mindre boks. Her fekk rekruttane utdelt ulike gjenstandar som dei kunne bere vatn i. Til dømes ei blomsterpotte med store hol i botn, ein liten klut, plastpose med hol i, eit ark og litt tape. Rekruttane fekk planlegge oppgåva før dei fekk 5 minuttar til gjennomføringa. Nokre av gruppene lykkast betre enn andre. Til slutt var det ei av gruppene som fann ut at dei kunne bere vatnet i den store bøtta. Då gjekk det rimeleg raskt.

Andre oppgåve handla om reaksjon. Rekruttane vart stilt opp på ei rekke. Fenriken synte dei tre farga kort. Kvar farge skulle gi signal om å enten hoppe fram, tilbake eller legge seg på magen. Konsentrasjonen var på topp og rekruttane var raske i bevegelsane. I tredje oppgåve fekk rekruttane teste observasjonseigenskapane sine. Eitt og eitt lag vart geleida inn i gymsalen der det låg mange gjenstandar i tre ulike fargar. Etter eit minutt måtte rekruttane løyse ei rekneoppgåve der dei måtte setje inn tal frå antalet av kvar gjenstand. Om svaret var feil, måtte dei ta ein ny runde i salen. I den fjerde oppgåva vart rekruttane testa i kor godt dei tolte å bli distrahert. Kvar gruppe fekk utdelt grubleoppgåver. Medan dei løyste desse, gjekk befalet rundt og distraherte dei. Dei vart både spruta vatn på, kitla og piska med flugepiskar. Nokre av rekruttane tykte det var vanskeleg å tenkje med alle lydane og distraheringa rundt seg, medan andre ikkje vart vippa av pinnen.  

Då rekruttane var ferdige med oppgåvene i leirområdet, venta ei ny og krevjande oppgåve, betre kjent som «tannpirkaren». Her var det 4 tunge stokkar som skulle berast opp på uteområdet til skulen. Rekruttane gjekk på med stort mot sjølv om stokkane var tunge og vanskelege å bere. Etterkvart vart det tungt, og dei trong ein kort pause. Då kunne kaptein Øygard glede rekruttane med kvar sin godtepose. Det var berre det at i posen var det kun ein nonstop. Rekruttane gav likevel ikkje opp og klarte å bere alle stokkane heilt opp på uteområdet, til obersten si store begeistring. Dette hadde han ikkje trudd at dei kom til å meistre. På uteområdet var det matpause med innbakte pølser og juice på menyen. Etter retur til leirområdet venta siste oppgåve; «Ikkje smile, ikkje le». Her måtte rekruttane stå oppstilt medan befalet gjekk rundt og tøysa med dei på alle mogelege måtar. Det vart brukt både støvkost, grisebamsar som hylte, dansande kaktusbamsar og anna for få dei til å le. Nokre stod stive som statuar, medan andre fekk latterkule på latterkule. Som straff for å le måtte rekruttane ta tre stjernehopp.  

Dagen vart avslutta med utdeling av bevis for bestått opptaksprøve til Kompani Ask. Tre av rekruttane får si vidare opplæring på Kvåle frå hausten av, medan dei andre held fram på Fjærland skule.

Dette vart ein morosam og lærerik dag for både store og små! Ei fin avslutning av skuleåret.