Svindelforsøk på e-post ser ofte svært truverdig ut, og kjem tilsynelatande frå ein avsendar mottakaren stolar på. Dette kan også vera frå kommunen, og me ber innbyggarane våre vera obs på at tilsette i Sogndal kommunen kan verta brukte i svindelforsøk.
Får du ein e-post frå kommunen, sjekk at e-postadressa stemmer. Er du i tvil om det er kommunen som er avsendar, kan du ta kontakt med innbyggartorget på tlf. 57 65 25 00.