Det blir arrangert skogdag på Vangsnes 6. mai klokka 18 (Stegane på Vangsnes, ved starten på Flotenvegen) og i Balestrand 7. mai klokka 13 (Saurdalsvegen).
Her vil du få råd og praktisk rettleiing i korleis skjøtte ulike skogtyper for framtidige skoginntekter. Investering i ungskogen løner seg, det er her du avgjer kva kvaliteten skogen får når det til slutt skal hoggast.
Hovudplan skogsvegar vil blir presentert, med informasjon om prosessane med bygging og finansiering.
Skogplanting vert òg demonstrert under skogdagane.
Elles håper me på god skogprat. Det vert servert bålkaffi. Alle er velkomne.