Her vil du som gardbrukar/skogeigar møte den kommunale skogforvaltninga, skogfaglege rettleiarar og dei som organiserer og omset tømmeret.
Fokus på desse dagane vert mellom anna
- ungskogpleie og kva fordelar dette har for framtidsskogen
- gjeldande tilskotsordingar for skogbruket
- driftsteknikk. På skogdagen i Vik vert det vist til hogst med hogstmaskin og lassberar og på dagen i Høyanger tung taubane
Dato og tidspunkt for skogdagane (PDF)
Elles håper vi på god skogprat med servering av sodd og bålkaffe. Alle er velkomne.