Ta kontakt med naudetatane viss du treng akutt hjelp.
- Kommunen følgjer situasjonen tett, og set inn beredskapstiltak der det er naudsynt. Me oppmodar innbyggarane i heile kommune om å følgja med på farevarsla og vegmeldingane, og vurdera risikoen og ta ansvar for eiga sikkerheit, seier ordførar Stig Ove Ølmheim, og legg til at kommunen har tett kontakt med alle naudetatane.
Me oppmodar innbyggarane om å følgja med på varsom.no og Statens vegvesen si informasjonside for vegmeldingar 175.no.
Det er sendt ut raudt farevarsel for snøskred og oransje varsel for jord-, sørpe- og flaumskredfare. Det er venta mykje nedbør.