17. august byrjar nytt skuleår, og 1350 elevar er på plass i klasseromma i Songdalsskulen. Etter ein vår med variasjon i drifta vår, vil det nye skuleåret starta med rimeleg normal drift.
I Sogndal kommune er det gått lang tid sidan sist smittetilfelle, og me lyt jobba saman for å følgja tiltaka for å redusera smittespreiing. Det er innført ein trafikklys-modell med grønt, gult og raudt nivå på tiltaka. Me startar skuleåret på gult nivå, men har beredsskapsplan for å kunne skifta mellom dei ulike nivåa.
Informasjon om koronatiltak i samband med skulestarten frå kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen (PDF)
Oversikt over oppstart på skulane:
Sagatun skule
2.–10. trinn måndag 17.08 kl. 08.30
1. trinn måndag 17.08 kl. 09.00
* Alle klassane møter ved si ytterdør.
Fjortun oppvekstsenter
Alle årssteg måndag 17.08 kl. 08.30
Leikanger ungdomsskule
Alle årssteg måndag 17.08 kl. 09.00
Leikanger barneskule
Alle årssteg måndag 17.08 kl. 09.00
Norane oppvekstsenter
Alle årssteg måndag 17.08 kl. 08.30
Trudvang skule
2. – 5. trinn måndag 17.08 kl. 09.00
1. trinn måndag 17.08 kl. 09:30
Fjærland oppvekstsenter
Alle årssteg måndag 17.08 kl. 08.20
Kvåle skule
Alle årssteg måndag 17.08 kl. 08.55
Kaupanger skule
Alle årssteg måndag 17.08 kl. 09.00
Sogndal opplæringssenter
Norskopplæring og grunnskule 17.08 kl.09.00 i Sogndal og Balestrand
Vaksenopplæring – oppsett tid for kvar einskild elev