Ei falsk nyhende er ei nyhendeliknande sak som ser ut som ho er ekte, men som heilt eller delvis er basert på løgn eller der viktig informasjon er utelaten.
Falske nyhende kan i verste fall forsterka ei pågåande krise og føra til at folk handlar i strid i viktige tryggleiksråd – utan å vilja det. Falske nyhende kan over tid svekka tilliten til styresmaktene, media og vitskapen.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har i samarbeid med Medietilsynet, Politiets tryggleiksteneste (PST) og Politidirektoratet (POD) laga faktaarket «Slik avslører du falske nyheter».
Tips for å avsløra falske nyhende:
- Verkar saka for utruleg? Ver skeptisk til fengande eller utrulege overskrifter. Det som verkar for utruleg til å vera sant, kan vera nettopp det.
- Kven står bak? Er du i tvil – undersøk kjelda. Både kven som har skrive saka, og kva det står i nettadressa (url). Falske nyhende har ofte ei nettadresse som liknar på ei kjend nyhendekjelde, men som ikkje er identisk.
- Finn du saka andre stader? Ekte nyhende vert spreidde fort. Sjekk gjerne fleire kjelder for å sjå om du kan finna ut meir om saka andre stader. Ei oppsiktsvekkande sak som ikkje finst fleire stader, gir grunn til å vera skeptisk.
- Blir du sint når du les saka? Ver ekstra merksam på saker som vekker sterke kjensler. Dei fleste falske nyhende er laga for å få deg til å reagera, gjerne raskt slik at du kommenterer eller deler.
- Trur du på bilete? Bilete kan også lyga. Falske nyhendesaker brukar ofte bilete som er henta frå andre saker/nettsider, eller bilete som er manipulerte. Gjer eit bildesøk for å finna ut meir om kvar biletet stammar frå. Les meir om bildesøk på Faktisk.no.
- Kva for kjelder finn du i teksten? Falske nyhende brukar ofte diffuse vendingar som «mange ekspertar er einige om at» eller viser til «undersøkingar» utan nærare skildring.
På Medietilsynet.no og Faktisk.no finn du meir informasjon om falske nyhende og korleis du kan avsløra dei.
Les også meir på nettsidene til Fylkesmannen i Vestland