Eit fellesframlegg frå alle dei åtte partia vart samrøystes vedteke:
- Kommunedirektøren får fullmakt til å inngå avtale med Saman om etablering av ein ny barnehage på Kvåle frå barnehageåret 2023-24.
- Det skal planleggast for ny barnehage i Trudvang krins/Sogndal sentrum frå 2031-32. Denne skal møte vekst i barnetal og skal leggast til grunn for arbeidet med arealplanen.
- Kyrkjebakken barnehage vert avvikla, når nye barnehagar dekker behovet i Sogndal sentrum. Kommunedirektøren skal kome attende med sak første halvår 2022 om avviklingstidspunkt. Kommunedirektøren skal sjå til at dei tilsette i Kyrkjebakken blir følgde opp og at dei er inkluderte i arbeidet vidare.
- Kommunedirektøren skal vurdere løysingar for vidare drift av Notsete barnehage, og greie ut naudsynte kostnadar for dette.
- Det kommunale bygget i Rones barnehage treng oppgradering i 2023. Dette føreset vidareføring av noverande leigeavtale. Kommunestyret ber kommunedirektøren legge fram investeringsbehovet i arbeidet med budsjett og økonomiplan, med vedtak i desember 2021.
- Kommunestyret ber kommunedirektøren greia ut ny permanent barnehage på Kaupanger og legga fram plan for ei eventuell mellombels løysing fram til den permanente vert klar. Kommunestyret får tilbakemelding fyrste halvår 2022.
- Henjahaugane barnehage held fram. Kommunedirektøren skal greie ut tilbodet på Leikanger. Kommunestyret ber kommunedirektøren å greie ut opprusting og utbygging i Nybø barnehage, alternativt bygging av ny barnehage. Utgreiingane skal sjåast i samanheng med moglegheitsstudier og areaplanprosess.
- I tråd med målet om miljømedvit og klimanøytral kommune, skal det leggast fram klimarekneskap for alle nye prosjekt. Dette skal inkludere vurderingar kring at flest mogleg skal kunne sykle eller gå til skule og barnehage
- Det skal vere god informasjon og høve til involvering i prosessane framover.