Kommunestyret gjorde følgjande vedtak:
- Skuleslaga skal følgje ordinær inndeling for grunnskulen
- Leikanger ungdomsskule 8-10 frå hausten 2022
- Leikanger barneskule 1-7 frå hausten 2022
- Kvåle skule vert 8-10 skule når ny barneskule i Sogndal sentrum vert teken i bruk
- Fjordtun oppvekstsenter held fram som 1-4 skule
- Det skal byggjast ny 1-7 barneskule på Kvåle som erstatning for Trudvang skule
- Det skal gjennomførast moglegheitsstudie for området på Kvåle innan april 2022.
- Skulen skal stå klar til bruk skuleåret 2025-26
- Det skal byggast basis- og fleirbrukshall som del av prosjektet med ny barneskule
- Det skal gjennomførast ein moglegheitsstudie for ein eventuell 1-10 skule i Leikanger (innan april 2022).
- Kommunedirektøren skal kome attende med saker om framtidig bruk av Trudvang skule og Leikanger ungdomsskule.
- Kommunedirektøren tek kontakt med FAU og Kaupanger næringsforeining for å arbeida vidare med FAU sine planar kring idrett og kulturbygg ved Kaupanger skule.
- Det skal vere god informasjon og høve til involvering for tilsette og føresette i prosessane framover. I dei konkrete prosjekta rundt skulane skal elevråda og Ungdomsrådet involverast.
I tråd med målet om miljømedvit og klimanøytral kommune, legg alle prosjekta opp til at flest mogleg skal kunne sykle eller gå til skule og barnehage.