God tilkomst til lågterskel friluftsområde nær der folk bur er eit viktig førebyggande folkehelsetiltak. Ein omfattande kartlegging i heile kommunen syner at me må bli betre på tilrettelegging for funksjonsnedsette. Målet med tiltaket er difor å gjere det enklare for personar med funksjonsnedsetting å bruke Røvhaugane og kunne delta på aktivitetar saman med andre.  

For å sikre at tiltaket står seg over tid blir det gjort ein del gravearbeid og tilkøyring av massar med maskinar. Me har forståing for at dette kan vere brysamt i byggjeperioden, men ber om at alle besøkande viser omsyn medan bygginga pågår. Utover dette håpar me at alle nyttar friluftsområdet på Røvhaugane som normalt.