Sogndal kommune deler årleg ut ein kulturpris. Prisvinnaren skal, i tillegg til ei pengegåve, få eit kunstnarleg utforma diplom eller eit kunstnarleg arbeid.
Kommunen lyser no ut ein konkurranse for kunstnarar med tilknyting til kommunen for å finna den som skal stå for utforminga av dette kunstnarlege arbeidet for åra 2020 til og med 2023.
Frist for påmelding er 7. januar 2022.
Det er sett ned ein jury med kunstnaren Janne Nes , Marianne Hoff, mangeårig medlem i Balestrand Kunstlag, og tenesteleiar for kultur Jon Tvilde.
Meir informasjon om konkurransen finn du her:
Konkurranse om innkjøp av kunstdiplom eller eit kunstnarleg arbeid (PDF)
Meir om årets vinnar av kulturprisen: Kulturprisen for Sogndal kommune 2021 - SOGNDAL KOMMUNE