Sogndal kommune heiser Pride-flagga ved rådhuset i Balestrand, tinghuset på Leikanger og kommunehuset i Sogndal klokka 8 fredag 10. juni og let dei vaie fritt til sundag 12. juni klokka 21.

Kongen sa det så fint i hagetalen sin i 2016: "Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre". Kommunane i Sogn, Nordfjord og Sunnfjord er for alle, og vi ønskjer alle velkomne i lokalsamfunna våre i Sogndal kommune. 

I år er det 50 år sidan sex mellom menn vart avkriminalisert i Noreg, då Straffelova §213 vart oppheva. Skeivt arkiv, Nasjonalmuseet og Nasjonalbiblioteket arrangerer Skeivt kulturår 2022 for å feire, dokumentere, formidle og diskutere skeiv kunst, kultur og historie.

Paraden i Førde går klokka 12 laurdag 11. juni, meir informasjon finn du på https://www.facebook.com/events/745851136406185.