Programmet er i regi av Kulturskulerådet, og fredag vitja veiledar Kristin Geiring Sogn kulturskule på kulturhuset i Sogndal. Under besøket signerte kulturskulerektor Roar Sandnes og ordførar for vertskommunen, Stig Ove Ølmheim, grunnlagsdokumentet for programmet. Sogn kulturskule skal vera ein del av dette programmet fram til desember 2025.

I løpet perioden er det lagt opp til fleire møte med veiledar og fellessamlingar med dei andre kommunane som deltek. Det er sett ned ei kommunegruppe, som skal koordinera arbeidet som skal gå føre seg lokalt mellom fellessamlingane. For å sjå moglegheitene for kulturskulen i Sogndal og Luster kommunar, vil mellom anna dei tilsette i kulturskulen, kommunale tenester og innbyggarane bli involverte.

Hensikta med programmet slik det er skildra i grunnlagsdokumentet:

  • Støtta kommunane med kulturskuleutvikling spesielt og samfunnsutvikling generelt, med særleg fokus på oppvekst- og kulturfeltet
  • Bidra til at kulturskulen samhandlar med andre aktuelle aktørar, med mål om heilskap og samanheng i det lokale tenestetilbodet
  • Bidra til at kulturskulen blir aktualisert i samhandling med fleire samfunnsområde – i lokalt utviklingsarbeid
  • Bidra til at barn og unge opplever å bli sett, får ei kjensle av meistring og blir inkludert i gode fellesskap i eige lokalsamfunn

Har du innspel, idear eller ynskjer å bidra på andre måtar i kulturskuleprosjektet? Ta gjerne kontakt med koordinator Ingrid Annette Kristansen på e-post: ingrid.annette.kristiansen@sogndal.kommune.no