På skulebesøka får elevane ein smakebit på kva kulturskulen har å tilby av aktivitetar. Dette er ein flott sjanse til å oppdage nye interesser og talent! Om de ønskjer meir informasjon om kulturskulen, kan de besøke nettsida til Sogn kulturskule. Her kan de finne informasjon om kva tilbod kulturskulen har, prisar, gratisplassar, med meir.
Søknadsfristen er 19. mai.
Spørjeundersøking
Det er fint om flest mogeleg av innbyggarane i Sogndal og Luster kan svare på undersøkinga.
Det vert også sendt ut ei intern undersøking til elevar og føresette i kulturskulen via speedadmin. Dei treng ikkje svara på den generelle undersøkinga.
Frist for begge undersøkingane er 31. mars 2025.