Kommunen sitt grunnlag for anke er i det vesentlegaste basert på at me meiner at retten ikkje i stor nok grad har vektlagt barneperspektivet, altså kva kommunen meinte var til barnets beste då barnevernet i desember 2016 gjorde vedtak om å hasteflytte eit barn ut av heimen. Ei avgjerd som foreldra sin advokat klaga inn for Fylkesnemnda, men ikkje fekk medhald i.
I etterkant av hasteflyttinga har også Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (no Statsforvaltaren i Vestland) handsama klage på barnevernet si sakshandsaming. Fylkesmannen gjennomførte i 2017 og i 2018 to grundige tilsyn i saka, men fann ikkje grunnlag for å kritisere barnevernet si sakshandsaming.
Saksøkjar har gjort gjeldande ei rekke påstandar, og i nokre av desse har tingretten kome til at Sogndal kommune har gjort feil.
- Sogn og Fjordane tingrett meiner at vilkåra for å fatta akuttvedtak etter § 4-6 andre ledd ikkje var oppfylt.
- Tingretten har vidare komme til at Sogndal kommune har handla aktlaust ved å fatta vedtak om akuttplassering.
- Tingretten har vurdert det slik at det er årsakssamanheng mellom akuttvedtaket og den verknaden vedtaket hadde på mor og som kom i ettertid. Retten finn at det i denne samanhengen er pårekneleg at familien kan ha blitt påført økonomisk tap, men utan at tap vert påvist.
Saksøkjarane vart ikkje høyrde på noko av det andre som vart gjort gjeldande, som t.d. krav knytt til tap av arbeid, verknadene på far og flytting til utlandet. Desse påstandane er det som utgjer hovuddelen av det økonomiske grunnlaget for erstatningssaka. Anka har såleis ikkje økonomiske motiv.
Sogndal kommune meiner at tingretten har lagt til grunn ein for høg terskel knytt til grunnlag for å gjere vedtak om å beskytte barn gjennom akuttplassering etter barnevernlova § 4-6 andre ledd, og ein for låg terskel i vurderinga av om det er handla aktlaust og at det dermed ligg føre erstatningsplikt.
For Sogndal kommune er dette ei sak som først og fremst er viktig å anke for å få avklaring i høgare rettsinstans om handlingsrommet etter barnevernlova § 4-6 andre ledd. Ei slik avklaring har også overføringsverdi til tilsvarande tvangsreglar i helse- og omsorgstenestelova og smittevernlova. Det er også av interesse med ei avklaring av om det er ei streng eller mindre streng aktsemdsnorm innanfor området for sosiale tenester. Gjennom å anke bidreg Sogndal kommune til avklaring av dei prinsipielle spørsmåla, ikkje berre for eigen kommune, men for heile kommune-Norge.