Målet med planarbeidet er at Nestangen skal verta ein inviterande innfallsport og berekraftig ny del av tettstaden, med gode bukvalitetar og oppvekstvilkår. Saman skal området gi gode rammar for utvikling av bustadar og sentral næringsutvikling
No ønskjer me å høyre kva de som bur i Sogndal er opptekne av når Nestangen skal utviklast.
1. november inviterer difor Sogndal kommune i lag med Asplan Viak til ope medverknadsmøte på Blaoboxen på Kulturhuset i Sogndal frå kl18.00-20.00.
Stad: Blaoboxen, Kulturhuset Sogndal
Tidspunkt: kl.18.00-20.00
Dato: 1.november
Påmeldingsfrist: 24.oktober
Du melde deg på ved å trykke på linken og fylle ut skjemaet under
https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=YrhcqoW_N02hSU68akS37xtIi54j9V5Gqx9QEkPxZ4ZUNjhPSUg5UktMMDdTRjM2WDE2TFc0S0VaOC4u
Dersom du ikkje rekke påmeldingsfristen, kan du ta kontakt med Ane Yde Aasen hjå Sogndal kommune, så ordnar me det! Dette må i så fall sendast skriftleg til
Program for kvelden:
18.00 Velkomen
18.10 Kommunen presenterer sine mål for staden/området
18.20 Asplan Viak presenterer førebels analyser og skisser
18.30 Verkstad med gruppearbeid og presentasjonar
19.00 Kaffe med noko attåt
19.20 Verkstad fortsett
19.45 Presentasjonar og oppsummering
20.00 Vel heim
Info om områdeplanen:
Plangrensa kan de finne i kommunekart her:
https://www.arealplaner.no/4640/arealplaner/388
I arbeidet så langt har det blitt vedteke eit planprogram og det har vore «opne kontordagar» med interne aktørar. Etter dette har det blitt utarbeide ein stadanalyse og ein lokalklimaanalyse som skal brukast vidare i arbeidet med utarbeiding av plan. Desse dokumenta kan dykk finne her:
https://www.sogndal.kommune.no/omraadereguleringsplan-for-nestangen.591405.nn.html
Anna relevant informasjon kan og lesast her: https://www.utfordrarbygda.no/omradereguleringsplan-nestangen
I løpet av hausten har det vorte utarbeide førebelse skisser for området. Desse vil bli presentert på møtet, slik at dykk kan vere med å påverke skissene før dei blir presentert for politikarane. Skissene vil vere grunnlag for diskusjon og ein retning vidare i arbeidet fram til 1.gongshøyring.