Målet med planarbeidet er at Rutlin-Ulvahaugen skal verta eit bustadområde med relativt høg tettheit, god arkitektur med livsløpstandard, i eit utbyggingsmønster som skapar gode uteområde der ulike menneske kan møtast.

No ønskjer me å høyre kva de som bur i Sogndal er opptekne av når Rutlin-Ulvahaugen skal utviklast.

31. oktober inviterer difor Sogndal kommune i lag med Asplan Viak til ope medverknadsmøte på Blaoboxen på Kulturhuset i Sogndal frå kl.18.00-20.00.

Stad: Blaoboxen, Kulturhuset Sogndal
Tidspunkt: kl. 18.00-20.00
Dato: 31. oktober

Påmeldingsfrist: 24. oktober
Du melde deg på ved å trykke på linken og fylle ut skjemaet under
https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=YrhcqoW_N02hSU68akS37xtIi54j9V5Gqx9QEkPxZ4ZUQloxNldRMlhWTThBWjEyOU5BUjZGNjdJMC4u

Dersom du ikkje rekke påmeldingsfristen, kan du ta kontakt med Ane Yde Aasen hjå Sogndal kommune, så ordnar me det! Dette må i så fall sendast skriftleg til ane.janzy.yde.aasen@sogndal.kommune.no


Program for kvelden:
18.00 Velkomen

18.10 Kommunen presenterer sine mål for staden/området

18.20 Asplan Viak presenterer førebels analyser og skisser

18.30 Verkstad med gruppearbeid og presentasjonar

19.00 Kaffe med noko attåt

19.20 Verkstad fortsett

19.45 Presentasjonar og oppsummering

20.00 Vel heim

 

Info om områdeplanen:

Plangrensa kan dykk finne i kommunekart her:
https://www.arealplaner.no/4640/arealplaner/387
Til info er plangrensa justert til å inkludere Dalavegen 7. Heilt korrekt plangrense er retta opp i vedteken planprogram.

I arbeidet så langt har det blitt vedteke eit planprogram og det har vore «opne kontordagar» med interne aktørar. Etter dette har det blitt utarbeide ein stadanalyse og ein lokalklimaanalyse som skal brukast vidare i arbeidet med utarbeiding av plan. Desse dokumenta kan dykk finne her:
https://www.sogndal.kommune.no/omraadereguleringsplan-for-rutlinulvahaugen.591404.nn.html

Anna relevant informasjon kan og lesast her: https://www.utfordrarbygda.no/omradereguleringsplan-rutlin-ulvahaugen

I løpet av hausten har det vorte utarbeide førebelse skisser for området. Desse vil bli presentert på møtet, slik at dykk kan vere med å påverke skissene før dei blir presentert for politikarane. Skissene vil vere grunnlag for diskusjon og ein retning vidare i arbeidet fram til 1.gongshøyring.