Sogndal kommune er rangert som nummer 3 av dei 43 kommunane i Vestland fylke og som nummer 1 blant kommunane i Sogn og Fjordane. Sogndal er også på topp 20-lista over alle kommunane i landet, der me ligg på 18. plass.
Det er Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) som står bak denne årlege kåringa. Kommune-NM er basert på kommunane sin attraktivitet og lokal vekstkraft basert på forhold ved næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommunal økonomi.