Prosjektet "Laget rundt barnet" har brei deltaking frå barnehagar, skular og PPT i kommunen. Det er merksemd på tidleg innsats, og det som vert gjort før ei eventuell tilmelding til PPT. Me vurderer kva som kan løysast innanfor det ordinære pedagogiske opplegget, og kva som krev spesialpedagogisk oppfølging.
Det har vore ulike system knytt til det spesialpedagogiske arbeidet i dei tre tidlegare kommunane. Samla sett har Sogndal eit høgare tal spesialpedagogiske vedtak enn landsgjennomsnittet.
Me arbeider for felles forståing av tilpassa opplæring for å nå målet om ei likeverdig og inkluderande opplæring for alle barn i kommunen. Det gjer me gjennom å auka kompetansen i sektoren. Tett samarbeid, endra ressursbruk og utvikling av arbeidsformer skal løfta kvaliteten på opplæringa.
Arbeidet med prosjektet skjer i nær samhandling mellom skular, barnehagar og PPT og skal sjåast i samanheng med «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis» som er ei nasjonal satsing frå 2021. Prosjektet har ei tydeleg forankring i Samfunnsplan 2021-2030 og økonomiplan for Sogndal kommune, der eitt av fem satsingsområde er å bli «best på oppvekst».