Me trenger både pensjonistar, studentar og andre som kan tenka seg å bidra i ein avgrensa periode. Me treng vikarar både innan helse, omsorg, skule, barnehage, SFO og reinhald.
Me vil ta kontakt med dei som har registert seg, etter kvar som behovet for vikarar oppstår i dei ulike tenestene. Du treng ikkje å ringa for å høyra om du blir kalla inn.
Om du har moglegheit til å bidra, er det fint om du fyller ut skjemaet og sender det til oss.
Sogndal kommune gjorde ei kartlegging våren 2020, og mange melde seg til å kunne bistå kommunen ved behov for vikarar. Om du har meldt deg ved tidlegare og framleis kan stå på ei slik liste, er me takksame for det. Viss ikkje, er det fint om du melder frå til Sogndal kommune ved Dagrun Røysum eller Alf Høyrem.