Kommunane i Sogn regionråd gir etableraropplæring for innvandrarar.
Etter tilbakemeldingar frå interesserte deltakarar, gjer me no gründerprogrammet Spire meir fleksibelt. Kurset blir ein kombinasjon av digitale samlingar og rettleiing ein til ein. Det vert sett mindre krav til norskkompetanse enn sist. Ny påmeldingsfrist er 1. november 2021.
Meir informasjon finn du på nettsida til Sogn næring
Kurset er finansiert av kommunane i Sogn regionråd og Vestland fylkeskommune, og blir utvikla av Sogn næring.