- 2024 starta med sjauing i Sogndal bibliotek med flytting av ungdoms- og fagavdeling for vaksne, omrigging av hyller og ei opning av bibliotekrommet, fortel Anita Bergseth, leiar for Sogndalsbiblioteka.
Bakgrunnen for endringa er eit ynskje om fornying og eit opnare bibliotekrom, få ei meir innbydande og opa ungdomsavdeling og å få betre flyt mellom barneavdelinga og ungdomsavdelinga. I tillegg har dei flytt fagbøkene for vaksne lenger inn i biblioteket, og fått opna opp rundt skranken.
Stor aktivitet
Dei tilsette på biblioteka i kommunen kan sjå tilbake på eit aktivt år.
- Me hadde heile 152 arrangement for store og små i 2023. Sogndal bibliotek har fått besøk av blant andre Oddgeir Bruaset, Odd Karsten Tveit, Gaute Heivoll og Vigdis Hjort. Me har hatt bokslepp med Oddrun Midtbø og boka om Harastølen. Det har vore to foredragsrekker med fagekspertar frå Høgskulen på Vestlandet. Dei minste har fått sett mange flotte teaterforestillingar, og møtt forfattarar og illustratør. Mellom bokkaféar og forfattarbesøk, ynskte Leikanger bibliotek Trond Viggo Torgersen og Kari Slaatsveen velkommen til Hermansverk. Balestrand bibliotek har, i samarbeid med sine lokale partnarar, halde jazzkonsert, teaterframsyningar, foredrag om poteter og kyrkjer, Fimreite og Palestina, nemner Bergseth.
Ho trekkjer også fram dei mange gode samarbeidspartnarane som har vore med på å fylla biblioteka med aktivitet i 2023, mellom anna Høgskulen på Vestlandet, kommunen sine frivilligsentralar, Sogndal hagelag, Sogndal mållag, Sogndal husflidslag, Balestrand folkeakademi og pensjonistlaga.
- Ikkje minst har språkkaféane i Sogndal bibliotek vore eit høgdepunkt, gode frivillige i samtalar med lærevillige nye norsk-talande. Lyden av eit lokalsamfunn i vekst og framgang fyller biblioteka våre, seier ho.
Program for 2024
For biblioteka i Balestrand og Leikanger er det store og spennande planar framover.
- I Balestrand ser me fram til å komme inn i Holmatunet og få til meirope bibliotek i løpet av året. Leikanger bibliotek og Saften vil få eit løft i løpet av 2024, med nye lokale og meiropa løysing, seier bibliotekssjefen, som gler seg til å fylla biblioteka med meir aktivitet framover.
- Samtidig som bibliotekromma får eit løft, skal me laga til eit program me håpar mange av innbyggarane vil setje pris på. Me er takksame for alle samarbeid i 2023 og ser fram til nye i 2024! seier ho.
Programmet for første halvår 2024 finn du på nettsida til Sogndalbiblioteka. Jon Navarsete, Maria Berg Hestad, Sinnamekkern, Tore Renberg og Olav Stedje er blant dei som vil vera å treffa på eit av biblioteka våre i løpet av første halvår. Velkommen til biblioteka!