Status på kjende forureiningsproblem – Kvernhushaugen avfallsplass og Kaupanger industrifelt

På Kvernhushaugen ligg eit nedlagt kommunal avfallsdeponi (ca. 130 000 m3) som var i drift frå 1972 til 1990. Avfallsplassen inneheld husavfall og grovavfall, med mistanke om noko spesialavfall (Norconsult AS, 2023). Delar av området er no omgjort til idrettsanlegg. Hovudproblema er knytt til forureina sigevatn (vatn som har vore i kontakt med avfall), grunnvatn og toppjord, i tillegg til gassutslepp.

På Kaupanger industrifelt er pulsvise utslepp av ureina vatn til Kaupangselvi og påfølgjande vond lukt med mistanke om gass dei mest markante forureiningsproblema.

Kvernhushaugen avfallsplass

Det er gjort undersøkingar i fleire omgangar knytt til Kvernhushaugen avfallsplass, både av Norconsult og Asplan Viak. I deponiet og området kring er det dokumentert forureina grunn, sigevatn, grunnvatn og toppjord, inkludert gassutslepp (Norconsult AS, 2023).

  • Det er avdekka svært høge verdiar av bly i toppdekket på eit punkt. Dette punktet ligg i hjørnet av den gamle grasbana, og dette vart difor inngjerda. Her er toppdekket 0,5 meter, noko som er det grunnaste på deponiet (Norconsult AS, 2022).
  • Det førekjem sigevassutslepp frå deponiet, både i sør og i aust. Utsleppa inneheld høge verdiar av tungmetall og miljøgifter.
  • Forureina grunnvatn strøymer mot sør-aust. Dette er også forureina med høge verdiar av tungmetall og miljøgifter.
  • Deponiet produserer framleis gass, og det er dokumentert utslepp av metan.
  • Sediment ved utslepp av forureina overvatn og sigevatn er også forureina med høge verdiar av tungmetall og miljøgifter.
  • Ved utsleppspunktet til Kaupangselvi har både Norconsult og Asplan Viak målt høge verdiar av kopar som ikkje samsvarar heilt med utslepp frå deponiet. Dei mistenker difor at det er andre kjelder som også har påverknad på utsleppet frå dette overvassrøyret.

Kaupanger industrifelt

På industrifeltet er det eit nett med kommunale overvassrøyr i bakken. Dette nettet har eit utslepp til Kaupangselvi under brua ved Vangestadvegen 2.  Her er det målt særleg høge verdiar av tungmetall og miljøgifter som sink (Zn), PFOS og TBT. Det er også målt høge verdiar i eit bekkeinntak ved Kvernhushaugen 5.  (Asplan Viak AS, 2022). Utsleppa aukar ved regnvêr. Det er usikkert kvar utsleppa kjem frå, men det er funne stoff som tyder på påverknad frå avfallsdeponi.

Ut i frå beskrivinga av lukt kring Kaupangselvi, spesielt ved utsleppet av det kommunale overvassrøyret i Vangestadvegen, er det mistanke om at lukta kjem av gassen hydrogensulfid (H2S). Dette er ein giftig og brennbar gass. Du kan lese meir om denne på Helsenorge.no.

Miljøretta helsevern og kommuneoverlegen har uttalt følgjande om gassen:

"H2S er helseskadeleg i ulike konsentrasjonar og fatal i lukka rom. I dette tilfellet kan ein kjenne lukta etter større nedbørsperiodar på eit område som er nokså utilgjengeleg for ålmenta. Lukta av dette stoffet er svært sterk, og vi menneske vil reagere på lukta lenge før den når eit giftig nivå for menneske å puste inn. Slik vi vurderer det og ut ifrå korleis dette ligg til, så er det låg risiko for alvorleg helsepåverknad for menneske i dette tilfellet. Men lukta er uønska og kan vera plagsam."

Helserisiko og kva bør du hugse på?

Miljøgifter og tungmetall som er påvist i områda kan være svært giftige. Du bør difor unngå å drikke/bade i Kaupangselvi, kontakt med forureina sigevatn eller opphalde deg i lukka rom med sterk lukt/gass.

Om du har vore i kontakt med forureina vatn eller gass og føler deg uvel bør du ta kontakt med legevakt eller Giftinformasjonen. Kjem du over akutt forureining, det vil seie utslepp, gass, eller lekkasjar som er pågåande, bør du ta kontakt med Sogn brann og redning.

Oppfølging: Samordna innsats mellom kommunen, statsforvaltaren og miljøretta helsevern

Norconsult har på oppdrag frå kommunen utarbeidd ein plan med føreslegne tiltak for sikkerheit, helse og miljø for Kvernhushaugen avfallsplass. Denne er oversend Statsforvaltaren, og vart nyleg godkjent. Kommunen har no fått pålegg om å gjennomføre tiltaka innan 31.desember 2025. Det som skal gjerast er utskifting av forureina masser, tiltak for å redusere inntrenging av overflatevatn, forbetring av overflateavrenning, oppsamling og reinsing av sigevatn, samt betring av tilhøve for handtering av deponigass.

Kommunen og Statsforvaltaren er også i dialog kring ureiningsproblematikken knytt til Kaupangselvi og industriområdet. Begge har mynde for ulike type verksemder og ulike utslepp, og begge er einige om å gjennomføre ei koordinert innsats for å finne kjelda til forureininga frå industriområdet. I fyrste omgang betyr dette at Statsforvaltaren skal gjere tilsyn med verksemder som er omfatta av deira forureiningsmynde, medan kommunen gjer det same. I tillegg vil alle verksemder og grunneigarar på industriområdet bli bedne om å opplyse om utslepp, avfall og forureina grunn på sin eigedom. Roller og mynde er omtalt i detalj lenger ned på sida.

Rutine for å unngå kontakt med sigevatn for Kvernhushaugen barnehage

Miljøretta helsevern Indre Sogn har vore i kontakt med leiar for barnehagane i Sogndal og informert om tilhøva ved Kvernhushaugen barnehage. Leiar for barnehagane vil sjå til at det vart utarbeidd ei rutine for at tilsette unngår å stoppe ved og leike i dette området, når ein er ute på tur. Det er ikkje utfordringar med sigevatn og dårleg vasskvalitet eller funne punkt med ureina masser inne på barnehagen sitt inngjerda leikeområde.

Skilting

Miljøavdelinga har teke initiativ til å setje opp skilt på aktuelle plassar for å informere om helsefarleg forureining, samt setje opp gjerde der det er naudsynt.

Vasskvalitet

Den økologiske tilstanden i Kaupangselvi er vurdert som dårleg, medan den kjemiske tilstanden er vurdert som god (Miljødirektoratet, 2024). Miljøavdelinga er i dialog med fylkeskommunen for å sikre at eventuelle prøveresultat som ikkje er registrert i databasen, vert registrert og miljøtilstanden oppdatert.

Du kan lese meir om miljøtilstand, påverknad og tiltak på Vann-Nett. Vassprøvar vert registrert i Vannmiljø og du finn dei i ei kartløysing hjå Miljødirektoraret .

Kantvegetasjon

Miljøavdelinga har vore i dialog med veg- og parkavdelinga vedkommande kantsone kring Kaupangselvi.  Det vert no gjort tiltak for å la delar av kantvegetasjon gro tilbake kring elva. Dette kan ha positiv effekt på avrenning av forureining til vassdraget. Samstundes vert det ein vandringskorridor for insekt og dyr, og gir skugge, ly og næring til liv i både på land og i elva.

Du kan lese meir om kantvegetasjon på Statsforvaltaren sin heimeside.

Folkemøte

Det har vore etterlyst meir informasjon frå innbyggjarane, og enkelte har tatt til orde for eit folkemøte. Kommunen ynskjer difor å arrangere eit folkemøte etter sumaren. Meir informasjon kjem.

Kva kan du gjere?

Om du har ei verksemd på, eller kring, industrifeltet på Kaupanger, så håper me at du bidreg til å redusere forureininga i området ved å undersøke i kva grad di verksemd forureinar miljøet. Dette kan du til dømes gjere slik:

  • Undersøke kva utslepp verksemda di har, og kor det vert sleppt ut. Har du til dømes utslepp frå oljeutskiljar eller kloakk? Kor vert det sleppt ut? Vert det til dømes ført til kommunalt spillvatn, eller overvatn, eller kan det vere feilkopla?
  • Kjenner du til forureina grunn kring verksemda? Har det vore lagra avfall, eller har det skjedd uhell med lekkasjar? Eller kan du sjå teikn til at det har vore grave ned avfall eller kan det vere forureining i grunnen?
  • Har du avfall på eigendommen? Hugs at avfall kan føre til forureining ved til dømes lekkasjar og nedbryting over tid, eller det kan spreiast til Kaupangselvi og vidare ende i fjorden. Me minner om at avfall difor skal leverast til godkjent avfallsmottak og ber om at du ryddar dersom du har avfall liggande.

Kommunen og statsforvaltaren kjem til å kontakte kvar verksemd og be om nærmare opplysningar og gjere eventuelle tilsyn over sumaren. Men om du har opplysningar om punkta over, så ber me om at du allereie no undersøker og gjev kommunen beskjed – då dette kan vere viktige opplysningar for å betre miljøet både på land og i vann.

Innspel

Kommunen ynskjer hjelp frå deg om du har opplysningar som kan hjelpe på vegen med å rydde opp i forureining på Kaupanger. Har du innspel håper me du sender dei til kommunen på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller per post til Postboks 153, 6851 Sogndal. Hugs å merke innspelet med: Innspel forureining Kaupanger.

Du kan godt nytte kommunen si kartløysing om du ynskjer å markere eit spesielt område for innspelet ditt. Kartløysinga lar deg teikne og skrive ut via menyen. Kartløysinga finn du på kommunekart på nettsida til kommunen.

Ynskjer du å lese meir?

Det er skriven fleire rapportar om Kvernhushaugen avfallsplass: