Me har i kveld fått informasjon om 2 nye smitta. Begge var på Meatpoint laurdag 17/7 og vart testa i går. Smittesporing er igangsett.
Mikrobiologen har no svart ut alle prøvane for i kveld. Me ventar nye prøvesvar i morgon.
Totalt antal smitta i Sogndal kommune med relasjon til utbrotet på Meatpoint er då oppe i 11

----

Kommunen har i dag gjennomført testing av 10 pasientar i heimesjukepleien på Leikanger og 8 pasientar ved omsorgssenteret i Sogndal. I tillegg er nokre få tilsette testa. Utover det er det teke 62 ordinære testar.

Det er så langt ikkje meldt om nye positive prøvar men det vil framleis kunne komme prøvesvar utover kvelden fram til ca. kl. 22. Me informerer om eventuelle positive prøvar snarast.

Det vil vere mogleg å teste seg ved Sogndal legesenter i morgon, laurdag 24/7, frå kl. 11. Bestilling av test på C19.no.

Me vil følgje nøye med på skjenkestadene gjennom helga og det vil bli gjennomført kontrollar.

Me vil gjere ei ny vurdering av besøksrestrisjonane ved sjukeheimane og omsorgssentera i Sogndal og på Leikanger på måndag.

Kommuneleiinga vil rette ei stor stor takk til tilsette i Sogndal kommune som stiller opp og bidreg i denne situasjonen.