Under vedlikehaldsrunden på gatelys i Sogndal kommune har det vorte avdekka fleire større feil som dessverre tek litt lenger tid å få ordna opp i. Entreprenør arbeider med å utbetre desse feila, noko som er meir arbeidsamt enn først antatt.
Dei strekka det gjeld er:
- Hagalandet: Større jordfeil, men skal vere lys no.
- Norneshaugane: Større jordfeil og må demontere mast for å finne feil på kabel.
- Hallandsvegen: Større jordfeil på 15-20 lamper.
- Sognefjordvegen: Nedriven linje og må strekkast nytt strekk til 6 stk lys.
- Lærargata: Tilkopling av gamalt strekk til nytt opplegg.
Dette arbeidet vil verte prioritert og bli ordna så raskt som mogeleg.