Vedkommande hadde vore på tur til Oslo og me antek at smitten kjem derifrå. 2 husstandsmedlemmer vart testa i dag tidleg og hadde positive hurtigtestar.
 
Me har i dag testa ca. 150 personar med PCR-test og hurtigtest. Desse 150 er i hovudsak barn og tilsette på SFO, samt 2 lag i aldersbestemt fotball.
 
Alle hurtigtestane var negative.
 
Barna på SFO og dei to fotballaga blir definerte som nærkontaktar og sette i karantene i første omgang til og med mandag. Det er varsla nye retningslinjer om fritak frå smittekarantene for barn og unge frå mandag. Kommunen vil revurdere karantene for barn og unge og rette seg etter nye nasjonale retningslingjer når desse blir gjeldande. Ny informasjon om dette kjem mandag ettermiddag.
 
SFO vil vere stengd mandag og blir sannsynlegvis åpen med noko redusert drift resten av neste veke.
 
Med fleire som etterkvart får fritak for karantene er det viktigare enn nokon gong at personar som har feber eller luftvegssymptom, også svært lette symptom, testar seg og held seg i isolasjon til testsvaret er klart. Me minner også om at det viktigaste ein kan gjere for å unngå smitte er å halde minst ein meters avstand til andre.