Grunneigarlaget har i år fått taksert ulike område, og resultatet syner 11 ryper pr km2. Kullstørrelsen syner eit snitt på 6 ryper.
Dette er så lågt at det mest sannsynleg vil få negativ konsekvens for neste års bestand. Grunneigarlaget følgjer dermed tilrådinga om å stenga for jakt.

Med å stenga for jakt, samt at det det er observert mange smågnagarar (som rovdyr vil prioritera som mattilgang i staden for rypeegg og rypekyllingar), så vil det mest sannsynleg bidra til god oppgang neste år.

Jakta på predatorar, som rev og mår, vil framleis gå som normalt etter nasjonale jakttider.

Denne informasjonen er vidareformidla av kommunen etter førespurnad frå grunneigarlaget. For informasjon om småviltjakt i andre delar av Sogndal kommune, må du ta kontakt med det aktuelle grunneigarlaget.