Vegen vil vera stengt ved Kaupangsvegen 24 frå klokka 09.00 onsdag 28. oktober til torsdag kveld. Dermed er det ikkje tilkomst med bil til husnr. 24, 22, 20, 18, 16, 14, 12 og 10 medan arbeidet går føre seg.
Vassforsyninga vil vera stengt frå torsdag klokka 08.30, og me håpar å kunna opna innan 18.00 same dagen.
Det kan vera lurt å fylla opp bøtter med vatn til bruk medan vatnet er stengt.
Det er sendt e-post- og SMS-varsling til bustader som vert råka av veg- og vasstenging, men det kan vera ulike årsaker til at ikkje alle mottek denne. Kartet under viser det aktuelle området.