Måndag 16. november frå klokka 20 til 24 og tysdag 17. november frå klokka 18 til 24 vert tilkomst til p-kjellarane under vidaregåande skule og Idrettssenteret (Lines) i Sogndal stengd.
Det vert ikkje mogeleg å koma seg ut i dette tidsrommet, då vegen fysisk er vekke, opplyser Sognahallen AS. I dei same tidsromma vert også veg til varemottak stengd. Stenging skjer ved p-plass Ingafossen.
Desse dagane er det pigging av fjell (fram til klokka 22), noko som medfører støy i området, opplyser Sognahallen AS.
Av meldinga som er send ut, går det fram at klargjering av uteområdet også vil gje utfordringar for trafikken, spesielt ved etablering av ny mur mellom nytt p-hus og gangbrua over til idrettssenteret. Dette arbeidet vil truleg starta opp i veke 48.
Det er mål om at uteområdet vert ferdigstilt medio desember. Framdrifta avhenger av vêret, då det mellom anna skal leggjast asfalt.
Sognehallen AS beklagar ulempa arbeidet medfører, og minner om at det er god plass i p-huset i Nedrehagen og på Kvåle (baksida av Kvåle stadion).