Det er likevel viktig slik som situasjonen er at me held oppe kontakten med brukarane. Sogndal kommune ber difor om at støttekontaktane held telefonkontakt, og varslar om dei til dømes opplever at brukaren er veldig sjuk.
Vidare vert dei oppmoda om at dei avtalar å gjera ærend, til dømes å handla inn mat og henta post, som dei set utanfor inngangsdøra.
Sogndal kommune har støttekontaktar til heimebuande og til brukarar på Sogndal helse- og omsorgssenter.