Tirsdag føremiddag har NVE oppjustert flom og skredfaren til oransje og raudt farenivå. Alle kommunale tenester har auka beredskapsnivå og gjer kontinuerlege vurderingar av situasjoen.

Ordførar Stig Ove Ølmheim oppmodar alle innbyggjarar om å vere varsame:

 – Hald deg oppdatert om utviklinga av vêr, skred- og flaumsituasjonen. Unngå bratte skråningar, og dessutan bekkar og elveløp med stor vassføring. Ta gjerne ein ekstra sjekk i stikkrenner, kummar og andre vassvegar, og sjå til at dei er frie for snø/is, grus, søppel, kvist og lauv. Hald deg gjerne heime til veret har betra seg. Kommunen er elles også takksam for at innbyggjarane melder frå dersom dei observerer til dømes bekkefar eller elvar med for unormalt stor vassføring.

Her kan du meld frå om hendingar, bekkeløp og andre ting som du observerer.