Føremålet med strategien er å tydeleggjera retninga for digitaliseringa i Sogndal kommune, og å setja innbyggjarane sine behov i sentrum for utviklinga av det digitale tenestetilbodet vårt.
Strategien tek utgangspunkt i regjeringa sine overordna føringar og Sogndal kommune si politiske plattform. Både tilsette, representantar for råd og innbyggjarar i kommunen har vore involverte i utforminga av strategien. Målet er at digitaliseringsstrategien skal hjelpa oss til å nytta moglegheitene i digital teknologi for å skapa ein betre kvardag for innbyggjarane våre.
Det skal opprettast eit eige digitaliseringsteam i kommunen som vil få ansvaret med å følgja opp strategien og setja han ut i livet.
Strategi for digital samfunnsutvikling i Sogndal kommune (PDF)