Me har tidlegare køyrt stressmeistringskurs på dagtid, men det var ynskjeleg frå fleire hald med eit kveldskurs. Dette resulterte i rekordpåmelding, der innbyggjarar frå Balestrand til Kaupanger meldte seg på og deltok. Alle sitjeplassar var tatt i bruk i det nye bygget, i tillegg fekk me testa ut den nye gymsalen med ei god yogaøkt.
Me i Rask Psykisk Helsehjelp og Frisklivssentralen Sogn har tidlegare erfart at mange har hatt behov og ynskje om å delta på eit slikt kurs, men at folk har meldt seg av i siste sekund på grunn oppleving av å ikkje ha tid. Det er ei utfordring å få målgruppa som opplev høgt stressnivå til å prioritere seg sjølve, stoppe opp og gje seg sjølv moglegheita til å reflektera noko rundt kva som føre til stress, og korleis ein kan handtere det. Tilbakemeldingane frå deltakarane var at kveldskurs var veldig bra, og at dei fekk nokon gode verktøy for å handtere stress gjennom gode refleksjonar innan tema som behov, grenser og kjelder til stress.
![]() |
Kurslokalet i Trivslestunet i Sogndal. |
Nytt kurs 10. mars
På grunn av gode tilbakemeldingar og godt oppmøte set Frisklivsentralen Sogn og Rask Psykisk helsehjelp opp nytt kveldskurs i stressmeistring måndag 10. mars kl.17.30 - 20.30. Meld dykk på via Frisklivsentralen Sogn si nettside: Oversikt over kurstilbod ved Frisklivssentralen