I haust har trainee Ingrid Kristiansen vore prosjektleiar for å utarbeida vår studentmelding. I første omgang vart det laga ei spørjeundersøking som kartla ulike delar av studenttilvære, og basert på denne vart det gjennomført ein arbeidsverkstad. Her deltok studentane sjølve, HVL, Saman og representantar frå Velferdstinget Vest, sistnemnte hadde teke turen heilt frå Bergen for å delta.
Pizza og diskusjon
- Veldig kjekt at så mange kom i dag til trass for at det er eksamenstid. Kanskje lovnad om pizza var med på å lokka så mange, innleia prosjektleiaren. Me ønskjer å laga ei studentmelding som treffer studentane og koma med tiltak som gjer deira studentkvardag så bra som mogleg.
Viktige innspel
Studentane og dei andre deltakarane fekk gjennom gruppearbeid høve til å seia noko om korleis det er å vera gåande og syklande i Sogndal sentrum, samt korleis kollektivtilbodet kan bli betre for dei. Studenthelse og studentvelferd er også viktige tema som vart diskuterte. Dei mest kreative forslaga kom kanskje då dei fekk nytta kart til å teikna og forklara kva dei meinte mangla i sentrum av aktivitetar og kvalitetar.
Særskilt kjekt var det at så mange av dei internasjonale studentane tok turen.
- Dei har eit heilt anna perspektiv og andre impulsar enn dei lokale og dei norske studentane som gjer at me kanskje ser ting litt anleis, seier Ingrid.
Ferdig i februar
Studentmeldinga skal no skrivast, før den skal vidare i systemet, og til sist bli vedteken i kommunestyret i februar. Det er kome inn mange gode forslag som vil bli vurdert i ein større samanheng som til dømes opp mot samfunnsplanen og arealplanen. Det er viktig at studentane sjølve får høve til å seia noko om ting som angår dei, avsluttar Ingrid.
Student report for Sogndal municipality
The Norwegian student organization has recommended all host municipalities and county municipalities to have an increased focus on their role as hosts, among other things by preparing a student report. With over 3000 students in the municipality, we take the encouragement and role seriously, to further develop Sogndal as a good place to be a student.
Pizza and discussion
This autumn, trainee Ingrid Kristiansen has been project leader for making the student report. In October we sent out a survey that mapped different parts of student life, and based on this, a workshop was conducted on Thursday 25.11. Here the students themselves participated, HVL, Saman and representatives from Velferdstinget Vest, the latter had taken the trip all the way from Bergen to participate.
- Very nice that so many came today even though it is exam time. Maybe the promise of pizza helped to attract so many, Ingrid says with a smile. We want to create a student report and identify measures that will make their student life as good as possible.
Important input
Through group work, the students, and the other participants, had the opportunity to say something about what it is like to be walking and cycling in Sogndal, as well as how the public transport service can be better for them. Student health and student welfare were also important topics that were discussed. The most creative suggestions came perhaps when they were given a map to draw on and explain what they thought was missing in Sogndal of activities and qualities.
It was especially nice that so many of the international students took the trip.
- They have a completely different perspective and different impulses than the locals and the Norwegian students which means that we may see things a little differently, says Ingrid.
Finished in February
The student report will now be written, and finally be approved by the municipal council in February.
- There are many good proposals that will be considered in a larger context such as the community plan and the area plan. In any case, it is important that the students themselves have the opportunity to say something about things that concern them, Ingrid concludes.