Fylkeskommunen melder at dei ikkje opnar stengde vegar i Balestrand søndag.
- Det er no svært mange stengde vegar, og me oppmodar folk på det sterkaste om å halda seg i ro til vassmengdene og uvêret avtek. Me håper folk ikkje legg ut på vegen slik situasjonen er no, seier ordførar Stig Ove Ølmheim.
Kommunen har sett krisestab.
- Me jobbar med å setja inn beredskapstiltak der det er naudsynt mellom anna i helse- og omsorgstenestene, har alt tilgjengeleg mannskap frå teknisk ute på oppdrag, og me er i løpande kontakt med Sogn brann- og redning, Helse Førde og andre naudetatar, seier ordføraren.
Søndag er statusen uendra, og kommunen ber framleis folk om å halda seg i ro.
Folk som har bruk for hjelp må kontakta
- Naudnummer helse: 113
- Legevakt: 116 117
Det blir etablert møtepunkt i kommunen som ein vil få informasjon om ved behov.
Alle meldingar om overvatn/flaum må gå til 110 og ikkje direkte til mannskap i Sogn brann- og redning.
Følgjande vegar er/har vore stengde, følg med på Statens vegvesen si informasjonside for vegmeldingar 175.no for oppdatert informasjon:
Fv. 613 Farnes, steinskred/steinsprang, vegen er stengd. Ny vurdering mandag klokka 12.
Fv. 613 Marneset, snøskred, vegen er stengd. Mindre sørpeskred, oppryddninng/ny vurdering mandag klokka 13.
Rv. 5 Fjærlandstunnelen- rv. 5 Hodlekve kulvert. Snøskred, vegen er stengd. Ny vurdering søndag kl 10.
Henjavegen på Leikanger stengd - vegen er opna att.
Fv. 5616 Valeberg i Sogndal-Vikane i Sogndal, flaum, vegen er stengd - vegen er opna att.
Rv. 5 Sogndalsfjøra-Frudalstunnelen i Sogndal, snøskred, vegen er stengd.
Rv. 13 Hella ferjekai-Grinde, flaum, vegen er stengd - vegen er opna att.
Fv.55 Dragsvik-Balestrand stengd grunna snøskred ved Kjenesskreda. Ny vurdering mandag klokka 12. Fylkeskommunen er i dialog med Statens vegvesen om kriserute Hella-Dragsvik-Balestrand.
Fv. 5617 i Fjærland er stengd grunna snøskred ved Distad. Vegen blir ikkje opna fredag.
Fv. 55 Låne i Høyanger, snøskred, vegen er stengd. Ny vurdering mandag klokken 12:00
Bøyavegen er stengd ved Bøyum i Fjærland grunna mykje overvatn.
Det er mykje vatn og overvatn mange stader, og me ber folk vera varsame ved bekkeløp og elveløp grunna stigande vasstand og at vatnet kjem til å ta med seg is.
Me oppmodar innbyggarane om å følgja med på varsom.no og Statens vegvesen si informasjonside for vegmeldingar 175.no.
Det er sendt ut oransje varsel for regn, jord-, sørpe- og flaumskredfare, og raudt farevarsel for snøskred.