Gratulera med dagen! 

Som ny ordførar er det mykje å læra i ein ny stor kommune. Etter kvart som ein blir eldre aukar kanskje og interessa for historia og kva som har skjedd i det området ein sjølv har vakse opp.

1814 er lenge sidan, fleire mannsaldrar – men dagen i dag har altso si historie frå dette året. 30. mars 1814 møtte 42 valmenn frå alle prestegjelda i Nordre Bergenhus Amt på futegarden Vange i Vik. Her skulle dei velja sine 3 utsendingar til samlinga på Eidsvoll. Ein måtte vera over 25 år for å vera utsending, og i fylgje rundskrivet som regulerte valet, skulle det veljast blant busette sivile, geistlige eller militære Embedsmenn, Brugseigarar eller Gardbrukarar.

Dei tre utsendingane vart Sorenskrivar Lars Johannes Irgens frå Sogndal, Sokneprest Nikolay Nielsen frå Ytre Holmedal, og Lensmann Hans Urdahl frå Luster, Urdahl fekk seinare fritak grunna sjukdom, og i hans stad reiste postopnar Peder Hjermann frå Lærdal. 

Frå det militære skulle kvar eining velja to valmenn, ein offiser og ein soldat. Begge representantane for det Bergenhusiske infanteriregiment kom frå Nordre Bergenhus. Det var kaptein Ole Elias Holck frå Lavik og gardbrukar og musketer ved Det Sogndalske Compani, Nils Johannesson Loftesnes. Soleis hadde det seg at to av dei fem utsendingane frå Nordre Bergenhus Amt kom frå Sogndal.
 
Me er samla her i dag, i ei spesiell tid, for å heidra desse to karane her frå Loftesnes. 

Nils Loftesnes vart fødd i 1789 som eldst av sju sysken. Dei budde her på Loftesnes på ein etter måten velståande gard, kan me lesa i historiebøkene. Det militæret hadde hatt ulik organisering og nærvær i Sogndal heilt sidan 1628. I 1810 oppretta ein nasjonale bataljonar, der Det Sogndalske Compani var eit av dei. For kvar fjerde gard måtte dei stillast minst ein soldat. Nils Loftesnes var infanterist, utstyrt med eit glattbora munnladningsgevær, noko som ikkje var eit vidare treffsikkert våpen. Nils var gardbrukarson og høyrde til ei viktig samfunnsgruppe, og han var både lese- og skrivedyktig. I april 1814 tok Nils turen over fjellet frå vest til aust. Dette tok om lag 11 dagar og var sikkert strevsamt nok over Filefjellet. Den same turen tok altso og Lars Johannes Irgens. 

På Loftesnes låg det ein embedsmannsgard der sorenskrivaren budde. Lars Johannes Irgens var sorenskrivar i Indre Sogn frå 1803, og han budde so der til 1816. Han var fødd og oppvaksen i Solør, men kom altso til Sogndal for å overta som sorenskrivar etter han tok juridisk eksamen. Irgens hadde innlegg på Eidsvoll i samband med stemmerettsreglane. Han ville at næringsdrivande på landet skulle ha stemmerett, sjølv om dei ikkje eigde jord.
Både Nils Johannesson Loftesnes og Lars Johannes Irgens stemde med sjølvstendepartiet. Dette var ei uformell gruppering av representantar som utgjorde fleirtalet i Riksforsamlinga, og desse sto då i motsetning til Unionspartiet, som ynskte ein union med Sverige.

Etter 7 år i krig med svenskane, hadde ein merka at det nasjonale vart meir forsterka i åra rundt 1814. Medan det var stor misnøye med unionen med Danmark fleire stader på Austlandet, finn dei som har forska på denne tida få spor av det same her. Ein sleit med å få forsyningar til området, og mange takka kongen i København for å ha redda dei frå svolt då han sende forsyningar vest om fjellet.

Samfunnet vårt har utvikla seg enormt på dei 206 åra som Grunnlova har eksistert. Grunnlova byggjer på ideen om menneskerettane, og stadfestar det vi gjerne vil kalle grunnleggjande rettigheiter for enkeltmennesket: Ytringsfridom, eigedomsrett og vern mot tortur.

17. mai er ei markering og eit høve til å stoppe opp og tenkje litt ekstra over dei grunnleggjande verdiane i samfunnet vårt. Dagen i dag, er ein dag som samlar oss. Saman finn me glede og meining i det å feire grunnlova, demokratiet og dei verdiane som gjer Noreg til eitt av verdas beste land å bu i. 

Me heidrar difor i dag Nils Johannesson Loftesnes og Lars Johannes Irgens, og den innsatsen dei la ned saman med 110 andre på Eidsvoll.

Med anerkjenning og respekt, til lukke med dagen!