Gratulera med dagen! 

Det er ei spesiell tid, og ei spesiell 17. mai-feiring me er med på i dag.

Og som om det ikkje er nok er det og ein ny kommune. Sogndal kommune helsar i dag innbyggjarane i kommunen gjennom den digitale verda, men me markerer nasjonaldagen med små arrangement som dette ved sjukeheimen i Sogndal og på Leikanger, ved busenteret i Fjærland, og her på Helsetunet i Balestrand.


17. mai er ei markering og eit høve til å stoppe opp og tenkje litt ekstra over dei grunnleggjande verdiane i samfunnet vårt. Dagen i dag, er ein dag som samlar oss. Saman finn me glede og meining i det å feire grunnlova, demokratiet og dei verdiane som gjer Noreg til eitt av verdas beste land å bu i. 

Me veit de som bur og arbeider her har hatt det ekstra krevjande dei siste to månadane. Sakte men sikkert er det no håp om at me kan opne opp samfunnet litt som normalt, og at de kan få treffe fleire kjende. Men me ynskjer å ta godt vare på dykk, og difor har tiltaka vore tøffe for mange.

Me må ha trua på at me som enkeltmenneske, familie, lokalsamfunn, kommune og nasjon skal koma styrka gjennom denne krisa.

Eg har hatt med blomar til dykk, og vil få ynskja dykk ei retteleg fin 17. mai-feiring vidare!