Dora gav gode råd og konkrete reiskap til korleis skape ein nær, kjærleg og slitesterk relasjon til barn. Ho kom og med konkrete råd som er aktuelle i andre relasjonar; parforhold, venner, på arbeidsplassen etc.
- Evna til å møte andre er avhengig av korleis me har det med oss sjølv.
- Det gir ein magisk effekt å starte setningar med «Eg»: «Eg tenkjer at…» , «Eg vil at…» det er tydeleg og då tek du ansvar for kva du seier. Unngå å bruke «du, man, vi», det provoserer og er irettesettande.
- Ver tru mot deg sjølv og ver tydeleg på eigne grenser: «Eg vil gjerne», «Eg vil ikkje». Det gir ikkje rom for tolking. Du er innom deg sjølv, det er indrestyrt og genuint. For å kunne hjelpe andre må du ha det godt med deg sjølv.
- Skil sak og person og anerkjenn kjensler. Å tole barna sine kjensler er ubetinga kjærleik i praksis. Set ord på kjenslene: «Eg ser at du er sint, men eg vil ikkje at du slår systera di».
- Fortel kva du vil og unngå å bruke ordet «ikkje» i starten av setninga. «Eg vil at du skal kome heim».
- Me vaksne er rollemodellar. Barn gjer som me gjer og ikkje som me seier. Obs dersom me brukar mykje tid på telefonen sjølv.
- Har barn god sjølvkjensle (liker seg sjølv som dei er) vil dei stå stødig i livet og tole store orkanar, vaksne må bygge opp sjølvkjensla og ikkje sjølvtilliten til barna: «Det er ikkje kva eg gjer som avgjer min verdi - men den eg er».
Her kan du sjå opptak av føredraget: