Sogndal kommune ønskjer å skapa samfunnet saman med innbyggjarane og aktørane rundt oss, og inviterte til fem temasamlingar for satsingsområda i samfunnsplanen vår.

Best på oppvekst: tysdag 27. april

Opptak av temasamlinga "Best på oppvekst" kan du sjå her

Møteleiar: Ole Gunnar Krakhellen, kommunalsjef for oppvekst i Sogndal kommune

Program for kvelden:

18:00   Velkomen til temasamling – Ole Gunnar Krakhellen og Sigrid Ølmheim

18:10 Koordinerte og tilgjengelege helse- og oppveksttenester for barn og unge - Ole Gunnar Krakhellen, kommunalsjef for oppvekst i Sogndal kommune

18:30   Best mogleg føresetnader for utsette barn og unge - Guttorm Helgøy, rektor ved Gangstø Ressurssenter, Øygarden kommune

18:50   Føregangskommune for barnehage- og skuleutvikling – Mari Engesæter, assisterande styrar i Fosshagen utdanningsbarnehage

19:10   Gode overgangar frå ungdom til arbeidsliv - Jorunn Felde, rektor ved Sogndal vidaregåande skule

19:30   Pause

19:40   Paneldebatt med spørsmål frå salen

20:50   Oppsummering og vegen vidare

21:00   Slutt

Skapt for aktiv livsstil: tysdag 4. mai

Opptak av temasamlinga "Skapt for aktiv livsstil" kan du sjå her

Møteleiar: Torkjel Solbraa, samfunnsutviklar i Sogndal kommune

Program for kvelden:

18:00 Velkomen til temasamling – Torkjell Solbraa og Sigrid Ølmheim

18:10 Lokalsamfunn som innbyr til aktiv livsstil - Knut Roger Nesdal, næringssjef i Gloppen kommune

18:25 Ein kommune som mobiliserer til fysisk aktivitet – Synne Aafedt Liljedal, Frisklivssentralen i Sogndal kommune

18:40 Fjerne alle barrierar for fysisk aktivitet for utsette grupper - Helene Rønningstad Halsos, bloggar om Krykkjer i naturen

18:55 Stor breidde i organiserte og eigenorganiserte fysiske aktivitetstilbod – Lisa Mari Watson, Tverga, ressurssenteret for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet i Noreg

19:10 Best i landet på kvalitet og tilgjenge til rekreasjonsområde og anlegg for fysisk aktivitet - Atle Skrede, rådgjevar idrett og friluftsliv, Vestland fylkeskommune

19:25 Pause

19:30 Paneldebatt og spørsmål frå salen

20:50 Oppsummering og vegen vidare

21:00 Slutt

Utviklingslokomotiv i Sogn: torsdag 6. mai

Opptak av temasamlinga " Utviklingslokomotiv i Sogn" kan du sjå her

Møteleiar: Arnstein Menes, ordførar i Sogndal kommune

Program for kvelden:

18:00 Velkomen til temasamling – Arnstein Menes og Sigrid Ølmheim

18:10 Sogndal bidreg sterkt til å løfte satsingar som kjem heile regionen til gode - Hilmar Høl, ordførar i Årdal kommune og leiar i Sogn Regionråd

18:25 Saman med Sogn, ha ein tydeleg posisjon mot regionale og nasjonale myndigheiter – Anne Berit Lein, ordførar i Steinkjer kommune

18:40 Samferdsle- og kommunikasjonsprosjekt i regionen vert prioriterte og realiserte - Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane

18:55 Eit sterkt og forpliktande strategisk og operativt samarbeid gjennom Sogn Regionråd – Torgeir Strypet, avdelingsdirektør i DigDir

19:10 Gjere Visit Sognefjord til ei regional drivkraft for distriktsvenleg reiselivsutvikling – Roar Svenning, eigar og utviklar av Bygda 2.0

19:25 Pause

19:35 Paneldebatt med spørsmål frå salen

20:50 Oppsummering og vegen vidare

21:00 Slutt

Fruktbare tettstader: måndag 10. mai

Opptak av temasamlinga "Fruktbare tettstader"

Møteleiar vert Sverre Landmark, medlem av juryen for Statens pris for berekraftig by- og stedsutvikling.

Program for kvelden:

18:00 Velkomen til temasamling – Sverre Landmark og Sigrid Ølmheim

18:10 Samanhengar mellom stadutvikling, arealplanlegging, folkehelse og kommuneøkonomi - Gro Sandkjær Hanssen, forskar ved By- og regionforskingsinstituttet

18:25 Bustadutvikling og buformer i framtida. Betydninga av gjennomtenkte bustader - Randi Augenstein, dagleg leiar og seniorarkitekt i arkitektfirmaet Helen og Hard

18:40 Korleis kan me skape ein kultur for å jobbe saman om å skape ein meir attraktivt stad? Ida Stuberg, ordførar i Inderøy kommune

18:55 Pause

19:05 Kvifor snakkar me om urbanisme - kva er verdien av å satse på tettstader og bringe folk saman der? Kva kjenneteiknar måten dei beste kommunane og stadane jobbar på? – Erling Dokk Holm, Førsteamanuensis ved NMBU

19.35 Kvifor er det så viktig å få med innbyggjarane i stadutviklinga? Kva kan samskaping gi? Aslaug Tveit, dagleg leiar i Léva Urban Design

19:50 Miljøvenlege tettstader som reduserer klimagassutslepp, energi- og ressursbruk - Rasmus Reinvang

20:05 Panelsamtale og innlegg frå salen. Panel: Eyvind Øgar, dagleg leiar i Stiv kuling, Christoffer Knagenhjelm, leiar i kulturrådet i Sogndal kommune, Stine Lilloe-Olsen, design- og produktutviklar i Rocketfarm

20:50 Oppsummering og vegen vidare

21:00 Slutt

Kompetansemiljø i eliteserien: tysdag 11. mai

Opptak av temasamlinga "Kompetansemiljø i eliteserien"

Møteleiar: Line Bjelde, Sogn Næring

Program for kvelden:

18:00 Velkomen til temasamling – Line Bjelde og Sigrid Ølmheim

18:10 Vere digitaliseringshovudstaden for offentleg sektor i Noreg

18:25 Styrke posisjonen som den fremste studiestaden i Vestland utanfor Bergen – Tor-Einar Holvik Skinlo, konst. rådmann i Sogndal kommune

18:40: Bli eit føredøme på forsking, utvikling og forvaltning av distriktsreiselivet - Ståle Brandshaug, direktør i Visit Sognefjord

18:55 Bidra til den nasjonale utviklinga av koplinga mellom fysisk aktivitet, toppidrett og læring - Geir Kåre Resaland, SEFAL, Høgskulen på Vestlandet

19:10 Bygge ei regional klynge knytt til produksjon og foredling av mat og drikke - Ivar Petter Grøtte, Sogn frukt og grønt SA

19:25 Dyrke fram gode leiarar i og frå Sogn på tvers av bransjar og sektorar – Oddvar Flæte, tidl. Fylkesmann i Sogn og Fjordane

19:40 Vere ein attraktiv og påliteleg vertskommune - Arnstein Menes, ordførar i Sogndal kommune

19:55 Pause

20.05 Paneldebatt med spørsmål frå salen

20:50 Oppsummering og vegen vidare

21:00 Slutt

Samlingane fann stad på Sogndal hotel, med moglegheit for digital deltaking via Teams.

Her kan du sjå møta i opptak:

Best på oppvekst

Skapt for aktiv livsstil

Utviklingslokomotiv i Sogn

Fruktbare tettstader

Kompetansemiljø i eliteserien

I kvar samling har ein neve ressurspersonar innleia om kvart sitt tema. Dei vart så sette saman i eit panel som tilhøyrarane kunne stille spørsmål til.

Samfunnsplanen finn du på utfordrarbygda.no

Spørsmål om samlingane kan rettast til samfunnsplanleggar Sigrid Ølmheim: sigrid.olmheim@sogndal.kommune.no – 57 65 25 95/97 53 43 82