Gjennom smittesporinga som er gjennomført så langt ser det ut som det i fleire tilfelle har oppstått lette luftvegssymptom 4-5 dagar etter antatt smitte
Me ber difor dei som har vore på Meatpoint og nærkontaktar til smitta om å vere merksame på at sjukdommen kan bryte ut relativt lang tid etter smitte. Vaksine ser ut til å beskytte dårleg mot smitte. Test deg ved minste teikn til symptom.
Vanlege symptom:
feber
tørrhoste
trøttheit
Mindre vanlege symptom:
verk og smerter i kroppen
sår hals
diaré
augekatarr
hodepine
tap av smaks- eller luktesans
utslett på huda eller misfarging av fingre eller tær
Alvorlege symptom:
pustevanskar eller tungpust
brystsmerter eller trykk i brystet
tap av tale- eller bevegelsesevne
Isolasjon
Dersom du har fått påvist smitte skal du i isolasjon i 10 dagar anten frå første symtom eller frå første positive test. Når du er i isolasjon skal du halde deg heime, halde heilt avstand til andre du bur saman med, dersom mogleg bruke eige rom og bad, vaske overflater hyppig, få hjelp til å handle, ta kontakt med lege ved forverring av symptom.
Nærkontakt
Du blir definert som nærkontakt dersom du har hatt kontakt med ein person med påvist Covid-19 mindre enn 48 timar før den smitta fekk symptom (alternativt frå prøvetidspunktet dersom den smitta er symptomfri) og kontakten har vore under to meters avstand i meir enn 15 minutt eller direkte fysisk kontakt eller kontakt med sekret frå den smitta. Me tilrår nærkontaktar å teste seg så snart som mogleg.
Karantene
Du skal i hovudsak halde deg heime. Du kan gå tur men halde minst 2 meters avstand til andre. Dersom du ikkje får andre til å handle for deg kan du gjere heilt nødvendige ærend i matbutikk og på apotek med munnbind og avstand til andre. Karantenen varer i utgangspunktet i 10 døgn.
Unntak frå karantenereglar
Dersom du er fullvaksinert (minst ei veke sidan andre dose) eller har gjennomgått Covid-19 siste 6 månader blir du ikkje pålagt smittekarantene. Dersom du har fått ein vaksinedose for minst 3 veker sidan får du også unntak frå smittekarantene dersom du testar deg mellom døgn 3 og 7 etter siste nærkontakt. Dersom du ikkje er vaksinert eller er vaksiner med ein dose for mindre enn 3 veker sidan kan du ta PCR-test dag 7 etter siste kontakt og avslutte karantenen viss denne er negativ.