Kriteria for testing vert stadig utvida. No kan alle i befolkninga der lege mistenker kronavirussjukdom, bli testa. Men framleis er det slik at innlagde i institusjonar og tilsette i helsetenesta skal prioriterast. I tillegg skal ein ta omsyn til kapasiteten for testinga lokalt.
Kven skal du kontakta?
I Sogndal kommune føregår testinga på legekontora. Ved spørsmål om testing skal du kontakta det lokale legekontoret. Vanlegvis vert det ikkje teke testar på kveldstid og i helg.
Telefonnummer til legekontora:
Balestrand legekontor: 57 65 13 00
Sogndal legesenter: 57 62 97 00
Leikanger legekontor: 57 65 27 20
Når bør du testast for koronavirus?
- Dersom du blir sjuk med feber, hoste, tung pust eller mistar smaks- eller luktesansen, kan du ha kronavirussjukdom covid-19.
- Symptoma kan vera milde hos mange, særleg hos barn. Det er mest sannsynleg at du er smitta hvis du blir sjuk etter å ha hatt nær kontakt med ein annan koronasjuk person, eller vore i nær kontakt med større grupper av menneske.
- Det er lite sannsynleg at du har covid-19 viss du ikkje har feber eller luftvegssymptom. Men ring fastlegen viss du er i tvil.
Viktig å følgja råda
No som samfunnet gradvis vert opna opp att, vil folk vera meir i kontakt med kvarandre enn før. Då er det ekstra viktig at alle følgjer råda om å vaska hendene, halda avstand og vera heime viss ein er sjuk.