Organisasjonen Ungdom og Fritid deler ut prisen «Årets fritidsklubb» for å løfta fram det gode arbeidet som skjer på fritidsklubbar. Blandt dei tre som kom heilt til finalen, er den relativt nye ungdomsklubben i kulturhuskjellaren i Sogndal.
«På kort tid har dei etablert seg i nærmiljøet som eit viktig tilbod til ungdom», står det i grunngjeving. Juryen trekkjer fram at i Sogndal lyttar dei til ungdommane, og at dei mellom anna har fått i gang FIFA-turnering på ungdomsklubben etter ønske frå brukarane.
I tillegg til faste opningstider kvar mandag og torsdag, arrangerer Ungdomskjellaren ulike aktivitetar, workshops, klubbtur med meir!
Ungdomskjellaren kom til finalen saman med Radar Ungdomsklubb i Asker i Akershus og INNER10Er Ungdomshus i Kvinesdal i Agder. Onsdag 20. november vart INNER10Er Ungdomshus kåra som årets vinnar.
- Veldig stas å bli å komme til finalen i denne kåringa! Det er inspirerande med tanke på den vidare utviklinga av Ungdomskjellaren og ungdomstilbodet i kommunen elles, seier Deniz Köylüoglu og Jakub Stasiak, som jobbar som ungdomsarbeidarar i Ungdomskjellaren.
Ungdom og Fritid er ein barne- og ungdomsorganisasjon for deltakarar, tilsette og frivillige i kommunalt støtta fritidsklubbar.
Les meir: Ungdom og Fritid - Disse er finalister til Ungdom og Fritids pris!