Tillitsreforma omfattar heile offentleg sektor, og målet er å gje meir velferd og bedre tjenester til innbyggarane, og til rett tid. For å få til dette vert det no jobba med å auka tilliten innad i offentleg sektor.
Sogndal kommune har vore tidleg ute i dette arbeidet, og var i juni inviterte, som einaste kommune i landet, til å dela erfaringar på eit seminar om reforma i Oslo.
Onsdag 18. oktober inviterte Sogndal kommune departementet og KS til ei arbeidsøkt der me utfordra dei på korleis me i fellesskap skal lukkast med neste steget i tillitsreforma.
- Etter å ha teke i bruk metodikken frå tillitsreforma har me blitt merksame på fleire problemstillingar der løysingane krev samhandling mellom oss som kommune og andre forvaltningsnivå. I mange av desse tilfella møter me aktørar i andre delar av offentleg sektor som ikkje - utan vidare - er villige til å vera med på å utforska løysingane saman med oss, sjølv om tillitsreforma og arbeidsmetodikken skal gjelda heile offentleg sektor, fortel utfordrar i Sogndal kommune, Joakim Systaddal.
I tillegg til å utfordra departementet og KS på korleis me kan møta den typen utfordring, peika også representantane frå Sogndal kommune på at me i overgangen frå gammal til ny måte å jobba på, vil måtte auka kapasiteten og ressursbruken. Dette treffer både administrasjonen, og særleg knytt til å ha nok tilgang på gode hjelparar til å førebu, gjennomføra og følgja opp aktivitetane, og dei tillitsvalde - som no skal delta i eit aukande tal arbeidsøkter som kjem på toppen av dei oppgåvene dei har frå før.
Arbeidsøkta vart gjennomført i Oslo. DogA (Design og arkitektur Norge), som har utvikla metodikken som regjeringa har lagt til grunn for arbeidet med tillitsreforma, deltok som observatørar under arbeidsøkta.
- For Sogndal kommune er det svært nyttig å kunne jobba direkte saman med dei fremste folka i departement og KS om dei utfordringane som me må løysa for å lukkast med neste steg i tillitsarbeidet vårt. Spesielt kjekt er det når tilbakemeldingane er svært positive, og at me får stadfesting på at det me gjer er både bra, rett og av det fremste som skjer i landet med tillitsreformarbeidet, seier Systaddal.